Dagsavisen, 16. september 2001

    ...Ti år har også gått sidan trioen Rob Waring, Carl Morten Iversen og Frank Jakobsen gav ut plata «Secret Red Thread» (Odin). No kjem «Synchronize Your Watches», med Solveig Slettahjell som gjestesolist. Gjest kan ein også kalle Jon Balke, som får oppført tittelsporet frå sitt aller første album med Oslo 13, «Off Balance». Og meiner du å dra kjensel på Jon Balke/Sidsel Endresens «This Is Your Movie», så har du rett. Den syng Sidsel sjølv med sitt eige band på «So I Write» (1990). Vokalist Solveig Slettahjell yter han full rettferd på denne trioens versjon. Nydeleg er ho også på «Finder», frå samarbeidet ho hadde med Håkon Hartberg.

    Utanom Balkes «Rob Roy» er resten signert Rob Waring, ein vibrafonist i verdensklasse som med sin amerikanske bakgrunn lyder vel så mykje «europeisk». Avslutningnummeret «Deadline» er ein av mine favorittar. Dette er eit band som kan svinge, og eg likar det best når det slepper seg laus og demonstrerer akkurat det, om låtane lyder aldri så «skeive». Frank Jakobsen er like distinkt og klar enten det er med visper eller tyngre slagverk, og Carl Morten Ivsersen, som her er med på si tredje plate av året, fører eit markant basspel.

Roald Helgheim